English

Harøyburet

Ålesund

Kort om turen

Harøyburet er med sine 156 meter over havet Sandøy kommune sin høgaste topp, og herifrå får ein ei super utsikt over øyriket mot sør og mot nord.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved buss stopp "Myklebust ved tunnel (Ålesund)", følgjer ein grusvegen opp til stien. Stien går opp forbi bommen. Frå Hyrvedalen går dei første 50 meter bratt opp før stigninga roar seg, og ein får ei flott utsikt. Ein følgjer ein tydelieg sti oppover langsmed skråninga. Der stien delar seg held ein mot venstre for å gå den raskaste vegen opp. På toppen vil ein lett finne turpostkasse og registreringsbok frå Harøy idrettslag.

Alternativ rute til Harøyburet er frå gravstedet ved Breidalen. Sjå rutebeskriving til Lomstjørna ved Harøyburet. 

Lomstjørna ved Harøyburet (morotur.no)

Frå Møteplassen/gravstedet ved Breidalen går ein ca 300 meter bort til ein grusveg merka med Stikk UT! skilt. Hald til venstre og følg vegen opp til "fjellkanten" Breidalsaksla, og følg den flotte gruslagte stien heilt opp til Lomstjørna. Der er det eit vatn og ein sitjebenk. Du kan du gå stien vidare heilt opp til Harøyburet. 

Det er viktig å kle seg etter ver og føreforhold. Det vert ikkje strødd eller brøyta til turmålet. Ein er sjølv ansvarleg for å vurdere føret, og om turen let seg gjennomføre. 

Tilkomst og parkering

Parkering ved buss stopp "Myklebust ved tunnel (Ålesund)". Frå skiltet ved hovedvegen går ein opp traktorvegen forbi Hagen. Stien startar enden av vegen.

Fottur
Blå
Lengde
1,88 km tur/retur
Stigning
138 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
153 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,5

Offentleg transport

For å kome seg til Harøya kan ein ta ferje frå Småge til Finnøy:https://frammr.no/ferje Kjem du med ferge til Finnøya med sykkel kan du sykle til startpunktet, ca. 10 km. Ein følgjer fylkesvegen over Finnøya, moloen og gjennom Steinshamn sentrum. Vidare syklar ein rett fram til ein kjem Kjem du frå Ålesund området, kan du køyre Nordøyvegen med buss eller eigen bil. Sjå https://www.frammr.no/ for kollektiv transport. Sjekk https://mrfylke.no/veg-og-kollektiv/vegprosjekt/fv.-659-nordoeyvegen/bompengar for informasjon om bompengar på Fv. 659 Nordøyvegen.

Anna

Det er to mulige tilkomstar til Harøyburet. Ein ved Hyrvedalen som skildra her, og ein frå "fjellkanten" ved Breidalen. Turen frå Breidalen er ein flott grusa sti, med berre enkelte bratte parti. Den passar for alle, og ein kan gå med barnevogn. Sjå turbeskriving til Lomstjørna ved Harøyburet.

Køyreskildring
Print ut