Fin naturvenleg sykkeltur i Sandøy kommune - ytst på romsdalskysten, ein del av "Øyriket i romsdal". Familievenleg tur på veg nesten utan bakkar (35m i høgdeforskjell). Turen tek til frå ferjekaia på Myklebust. Ved å reise med ferja anten frå Dryna (Midsund kommune) eller frå Brattvåg (Haram kommune) kjem du til startpunktet, Myklebust. Det er også muleg å reise med "nordøyruta", hurtigbåten som går frå Ålesund, via Nordøyane med endepunkt Myklebust. Finnøy ferjekai - Finnøy Havstuer (Classic Norway) Fleire endemål om ein ønskjer vidare reise med ferga til Ona/Sandøya/Orta eller Småge.
Sykkelturen kan gå to vegar frå Myklebust, enten på innsida via Nordheim eller utsida via Røsok og Morsundet/Brunvoll. Her er det valt yttersida der det etter 2,5 km er muleg å ta ein tur nedom Røsokvika småbåthamn. Vidare går vegen nordover 2 km der vegen deler seg. Mulegheita er då å sykle rett fram, forbi kyrkja og til Steinshamn. Om ein ønskjer å sykle 3 km lenger går turen til venstre og rundt det yste punktet på Harøya(Morsundet). Ein liten idyllisk plett som er verd å ta turen å sjå. Det er også muleg å sykle 300m rett fram i krysset og svinge inn på den "gamle brunvoldsvegen" forbi dei 5 vindmøllene som står der. Ein koseleg og spanande grusveg som for dei som ønskjer å sjå vindmøller på nært hald kan bevege seg på. Ved vindmølle nr 3 er det mulegheit for å ta seg ein rast på benkar ved vegen. Turen vidare fører uansett kva veg du syklar til Steinhamn, kommunesenteret. Der er det butikkar, legekontor, bank/minibank, pub/spisested (Øya Pub & Pensjonat ). Turen vidare går over moloen til Finnøya. Endepunktet på turen er ved ferjekaia på Finnøya. Der kan du bade i oppvarma basseng i "Håp i havet" ved Finnøy havstuer. Der er det både restaurant og overnatting om det trengs. Det er også der Finnøy småbåtlag held til og som har gode fasilitetar for båtfolk og andre. Der er også utstilt den spesielle "Finnøymotoren" som kan sjåast gjennom vindauga til småbåtlagets servicebygg. Sykkelturen kan her ta fleire vegar. Du kan sykle tilbake same vegen til Myklebust (gjerne på innsida av Harøya) eller du kan ta ferja frå Finnøya til anten Ona, Sandøya, Orta eller Småge (Aukra kommune). Ein tur til småøyane i gamle Sandøy kommune er verdt eit besøk. På Ona kan du sjå Onafyret eller besøke keramikkverkstad og utsal. På Sandøya kan du sjå Sandøykyrkja frå 1812 og på Orta kan du ta deg ein tur til "Bestestauå". Desse besøka kan vere ei naturleg forlenging av sykkelturen. Sjå ellers: Ålesund kommune - http://www.alesund.kommune.no og Maritim aktivitetssenter- https://alesund.kommune.no/kultur-idrett-og-fritid/friluftsliv-og-natur/fritidsutstyr-til-utlan/
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 26 |