English

Holstadhornet frå Hareid sentrum

Hareid

Kort om turen

Holstadhornet på nordsida av Hareid sentrum er eit naturleg utfartsmål både for den som er ute etter ein enkel topptur og for dei som vil utforske meir av fjellheimen på nordsida av Hareidsdalen. Den vide lia opp mot toppen er solvend. Er snøforholda gode, ligg alt til rette for å gå vidare gjennom ”Grimstaddalen” og ut til sentraltoppen Brørene (620). Det er uproblematisk, om enn kondisjonskrevjande, også å gå heilt ut til Skolma ved Breisundet. Då fjellsidene opp frå låglandet er bratte, er ”Køyrevegen” opp frå Hareid sentrum eit godt tilkomstalternativ. Den steinsette vegen, som i si tid vart nytta til transport av torv frå fjellmyrane, svingar seg i ein vinkel opp til fjellkanten, som ligg ca 250 m.o.h. Utsikta frå toppen av Holstadhornet er særleg god mot nord (Nordøyane o.s.v.) og mot sør og aust (Sunnmørsalpane).

Ruteskildring

Dei som kjem over fjorden frå nord treng ikkje ta med bil over, men kan bere skiene frå hamneområdet til starten av ”Køyrevegen”, som fører opp på fjellkanten. Den ubrøytte ”Køyrevegen” (med steingard på begge sider) går frå øvst i Hovlid - først i ei sløyfe mot høgre før han svingar mot venstre ved den store, flate kvilesteinen ”Merkarsteinen”. Like etter større snøfall kan der vere utfordrande å gå. Men etter ei tids bruk er han gjerne litt oppgått. Vegen er heller ikkje brattare enn at han er gåande med fellar på skiene. Men dei fleste tek på skiene ved Merkarsteinen – eller litt ovanfor. Frå Merkarsteinen er ”Køyrevegen” gjerne meir tildekt av snø, men viser seg likevel som ei grop i fjellsida. Like før vegen flatar ut ligg grunnmuren av den gamle ”Sommarfjøsen” ned til venstre. Her er det god utsikt mot sentrumsbygda og fjellheimen i sør. Mange rastar i ruinane. Treverket fauk av garde med nyttårsorkanen i 1992. På ettervinteren og ved påsketider er den soleksponerte delen av Køyrevegen ofte berr. I denne tida er det også ofte skareføre i høgda.Frå fjellkanten gir vegen til topps seg sjølv, oppgådde løyper eller ikkje.

Tilkomst og parkering

Frå Statoilstasjonen like nord om ferje- og snøggbåtkaia er det enkelt å bere skiene opp Hjellebakken og vidare i Teigevegen til den kryssande Hovlidvegen. 50 meter mot venstre på Hovlidvegen går Torkelvegen opp til høgre. Vel 200 meter oppe i bakkane, flatar vegen ut, og etter ca 50 meter etter utflatinga går ein liten sideveg mot venstre. Ved enden av denne: Gå opp langs ein steingard til venstre for den gamle Torkelløa, og vidare rett opp gjennom det forfalne Hovlid-tunet og inn på ”Køyrevegen”, som er markert med steingard på begge sider. NB: Ca 100 meter oppe i ”Køyrevegen” ser du ei opning i skogen til v.; Hovlidbana. Det var her Åge Hareide la grunnlag for karrieren sin som fotballproff, landslagsspelar – og seinare landslagstrenar. Parkering nedom Hareid sjukeheim. Ingen avgift.
Skitur
Blå Fjell
Lengde
3,30 km en vei
Stigning
510 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Høyeste punkt
530 moh

Løype på kart

Offentleg transport

Det går både snøggbåt, ferje og buss til Hareid sentrum.

Kart

Topografisk kartserie M 711 - blad 1119 I Ålesund
Køyreskildring
Print ut