Fjellveg opp til Halsane og frå Halsane til Støane er det rås. Turen går i ulendt terreng. Fin utsikt mot Sandvika badestrand, havet og øyane nordover.
Denne turen har start ved Nordøy grendahus. Gå opp ved siden av grendahuset og langs fotballbana til ein kjem til vegen. Følg vegen oppover og ta til venstre i første kryss. Deretter følger ein vegen gjennom byggefelt og tar til høgre ved vegskille. Her starter turen opp mot fjellet og Halsane. Følg fjellvegen til ein ser eit skilt på venstre side der det står Støene. Ta av og følg råsa til ein kjem til eit stiskille. Følg stien rett frem. Her openbarar storhavet seg rett imot deg. Ein kan gå samme vei tilbake eller følge stien vidare til ein kjem til vegen i Støene. Ta til venstre her, og følg veien tilbake til Nordøy grendehus. Det kan vere dyr på beite i dette området, så pass på å late att alle grinder etter deg.
For å komme til Flemsøy/Skuløy køyrer ein over Nordøyvegen frå Skjelten. Etter to av bruene tek ein til høgre i rundkjøyringa og gjennom tunnel til Austnes. Ta til venstre i rundkjøyringa og vidare langs Ullavegen til Ulla, så over Ullabrua vidare mot Flem. I krysset tek ein til høgre mot Longva på Longvafjordvegen. Etter ca 2 km kjem ein til Nordøy grendahus, parker her.
Sjå på http://www.nordoy.net, øyahistorie.