English

Hallehornet

Ørsta

Kort om turen

Hallehornet er ein av fleire turar du kan gå frå Romedalen. Romedalen er omlag 6 km lang og er fantastisk vakker, kanskje den vakraste dalen i Ørsta! Ei fredeleg elv renn gjennom dalen som er omgitt av ville tindar. Frå Hallehornet har du flott utsyn mot m.a. Molladalstindane, Masdalskloven og ikkje minst mot Romedalen. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går stien like nedanfor øvste selet og vidare nokså bratt oppover lia. Det er tydeleg og god sti til du kjem opp på kanten, like før Brillevatnet. Den tydelege stien fører til Molladalen. Du skal sjå etter ein litt utydeleg sti som dreiar til venstre og i retning toppen. Om du ikkje finn stien, er det ikkje noko problem å finne fram. Det er berre å sikte seg inn mot toppen. Frå toppen har du flott utsikt, ta deg tid til å nyte den!

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta sentrum køyrer du RV655 mot Sæbø. Etter omlag 5 km kjem du til Høgebrua. Du skal ikkje køyre over brua, men køyre rett fram på FV55 mot Standal i 7,5 km. Sjå etter skilt til Romedalen og følg bomvegen heilt til endes. Bompengar 2015 er kr.45,-. Bra med parekringsplass ved Steinstøylen Parkering ved Steinstøylen.
Fottur
Blå
Stigning
553 m
Tidsbruk
3 t. 0 min
Høyeste punkt
910 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,2

Offentleg transport

Nei

Anna

Fra toppen av Hallehornet, kan du gå vidare langs ryggen til Middagshornet og kome ned att til Barstadsætra, eller til Romedalen der du starta.

Kart

Sunnmørsalpane

Lenke til turskildring

Friluftsforeninga Volda - Hallehornet

Betalingsmiddel for bomvei

45 kr (2015) Kontanter.
Køyreskildring
Print ut