English

Hakstadsetra

Surnadal

Kort om turen

Tida har fare hardt med mange av setergrendene i distriktet vårt. Det er derfor artig å sjå så godt bevarte setertun som det du finn på setervollen til Hakstadgardane i Bøverfjorden. Turen opp til setrene går i lett terreng og for det meste etter skogsveg. Denne turen er midt i blinken for ferske turgåarar eller ein rask trimtur på kveldstid.

Ruteskildring

Turen startar ved avkøyrsla til garden Hakstad i Bøverfjorden. Gå opp gardsvegen og rett gjennom tunet. Gå rett fram mot kraftmasta ved ekkerkanten. Derifrå går du rett oppover mot skogkanten. Gå igjennom grinda og opp etter skogsvegen. Denne følgjer du til han endar oppe på ei myr. Da tek du til venstre, oppover myra. Gå til du kjem til ein bekk. Denne skal du ikkje krysse, men fortsetje langs oppover eit skar. Etter kvart blir stien tydelegare, og du følgjer han fram til setervollen. Her finn du seterskjelet til både Hakstad og Hakstadrønningan, men er du ute etter trimkassen til Bæverfjord i.l., finn du den på veggen til løa på Rønningsetra.

Tilkomst og parkering

Ved startpunktet ved avkøyrsla til Hakstad, ca. 2 km frå sentrum i Bøverfjorden i retning Halsa.

Fottur
Grønn
Lengde
5,2 km tur/retur
Stigning
351 m
Tidsbruk
2 t. 5 min
Høyeste punkt
349 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,6

Offentleg transport

Det går fleire ruter frå Nettbuss forbi startpunktet.

Anna

Turen er skilta og merka.

Kart

Ikkje nødvendig.
Køyreskildring
Print ut