English

Hagbøsetra

Molde

Kort om turen

Dette er ei vandring i eit gamalt kulturlandskap på ein veg og sti der dei før jaga buskapen til fjells og til setra. Hagbøsetra ligg sørvendt med eit fenomenalt flott utsyn innover mot Eresfjord med Gøksøyra og Sjøvdøla. Som nemt ellers i teksta kan du ta ein alternativ veg ned att via Skaret oh "Haukartrappa". Da kjem du ned på Hagbøen på Bugge.

Rutebeskrivelse

Du startar ved eit grindle frå riksveg 660 i Boggestranda. Det er skilta med Hagbøsetra og Hagbøbotn. Først følgjer du gammelvegen opp og innover eit lite stykkje. Her er det brei oppmura veg. Så tar du av frå gammelvegen og opp til venstre. Framleis langs delvis oppmura veg og sti. Vegen og stien er merka med raude punkt. Har jamn og fin stigning. Nokre stader må du gå gjennom myrlendt tereng. Men stort sett er stien tørr og fin.StikkUt-kassa heng på seterveggen.

Adkomst og parkering

Du køyrer riksveg 660 mellom Eidsvåg og Eresfjord. Rett etter at du har passert siste garden på Bugge, Hagbøen, følgjer du vegen til første fjellskjæring. Da ser du grinda og skiltinga til Hagbøsetra. Så lenge det er plass kan du parkere her på nersida av vegen på eii lita avkøyrsle. Om ikkje er det god plass litt nærmare Bugge.
Fottur
Blå
Lengde
2,6 km en vei
Stigning
550 m
Tidsbruk
2 t. 45 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Nei, tvilsomt!

Kart

Norge-serien 10078 Sunndalsøra
Kjørebeskrivelse
Print ut