English

Haddalshornet og Blåtinden frå Havåg

Ulstein

Kort om turen

Turen til Haddalshornet og Blåtinden frå Havåg er ei av fleire ruter til desse turmåla. Turen gir flott utsikt innover mot Sunnmørsalpane, og fjordane og øyane rundt. Blåtinden er øya og kommunen sitt høgste punkt.

Rutebeskrivelse

Råsa startar mellom dei to siste husa, nesten øvst i Havågvegen. Stien går gjennom flott granskog og deretter lauvskog, til ein kjem opp på snaufjellet og har fin utsikt mot Sunnmørsalpane og utover fjordane. Fin sti heile vegen mot Blåtinden. Eit stykke før ein kjem til Grøthornet, litt forbi Sætrehaugen deler stien seg, og ein tek til venstre for å gå til Haddalshornet, og til høgre for å gå til Blåtinden. Her er det også mulig å ta ein tredje sti til høgre, då kjem ein til Eiksundsætra. Dette stikrysset er skilta til alle tre turmåla.  

Adkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). I Eiksund tek du av etter om lag 1 km, og svingar til høgre mot Havåg. Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta andre avkøyrsle til venstre, og sving deretter til høgre mot Havåg. Parkering ved Eiksund Samlingshus, som ligg på nedsida av Havågvegen, ca 200 m forbi der stien startar.
Fottur
Blå
Lengde
3,5 km en vei
Stigning
698 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Kjørebeskrivelse
Print ut