English

Haddalshornet frå Aursneset

Ulstein

Kort om turen

Denne ruta følger den merka rundløypa Nissevegn første del av turen. til Haddalshornet har flott utsikt heile vegen inn mot Voldsfjorden, ut mot Leikongfjella og øyane i nordvest. Frå Haddalshornet er det mulig å gå vidare til Blåtinden som er ein flott tur, og Hareidlandet sin høgste topp.

Rutebeskrivelse

Første del av ruta går gjennom granskog på Nissevegen. Følg råsa ut av skogen og over nokre tvergåande bergryggar, der terrenget blir litt meir kupert. Når ein kjem opp på fjellryggen ved Selvågvatnet deler råsa seg, og ein tek til venstre opp mot neste fjellrygg nord for Selvågvatnet. Herifrå er det stort sett berre fast og god grunn beståande av mykje bart fjell, heilt til ein er ved sjølve foten av Haddalshornet. Ein går så langt nord at ein ser ned mot Ringstaddalen, og held fram i merka rute som går langs foten av fjellet, og nesten parallelt med råsa ein har fulgt så langt. Ein kjem etter kvart opp på ryggen av fjellet mot Eiksund, og ser ned til Eika. Følg denne ryggen til høgste punkt, som er Haddalshornet.

Adkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Like før Selvågtunnellen tek du av til venstre, og køyr omalg 1,5 km mot Aursneset. På oppsida av vegen finn du starten på råsa, ved Aursnesskogen. Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta av mot Selvåg rett etter Selvågtunnellen. Plass til nokre bilar ved start av råsa. Elles er det ulike parkeringsmuligheiter i Eiksund.
Fottur
Blå
Lengde
4,5 km en vei
Stigning
540 m
Tidsbruk
3 t. 40 min.
Sesong
Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Kjørebeskrivelse
Print ut