English

Håhammaren og Gaidsvaet

Molde

Kort om turen

Ta med familien på klatring og leik. Ved Gaidsvaet og Håhammaren i Eresfjord er det tilrettelagt eit lite område med steinbord og bålplass. Her er det eit 20-tall med klatreruter. Noen er tilrettelagt for nybegynnere. Området under Gaidsvaet er planert og grusa og tilrettelagt med bålplass og steinbord . Her er det også tumleplass for barn. Her kan du derfor ta med heile familien. Ikkje minst, la barna få prøve å klatre. Deira teknikk i å begevege seg på bratt fjell kan overaske !

Ruteskildring

Gaidsvaet er spesielt tilrettelagt for nybegynnere. Her er alle klatrerutene ferdig bolta og med snufester slik at du kan topptaue. På Gaidsvaet er det også ei kort Via Ferrata-rute, eller klatreløype som vi lokalt har valt å kalle det. Istaden for ståltau/wire er det spent opp tau som du sikrer deg i. Klatreløypa er ca 100 meter lang. Om du er nybegynnar bør du ha med deg ein gaid eller anna kyndige person som er vant med klatring. Klatreløypa starter med at du først må bli sikra på vanleg måte opp dei første 10 metra.Deretter kobler du deg inn på «Via Ferrata-tauet» med doble fangliner. Retur ved 60 meter rapell.

Tilkomst og parkering

Håhammaren og Gaidsvaet ligg rett utanfor småbåthamna på riksveg 660 i Eresfjord. Frå Coop-butikken i Eresfjord og ut til feltet er det 1,8 km. Da kan parkere på avkøyrsle på vegen rett ved Gaidsvaet.
Fottur
Grønn
Stigning
0 m
Tidsbruk
5 min.
Høyeste punkt
3 moh

Løype på kart

Kart

Eresfjord 1320 II eller det nye Sunndalsøra Norge-serien 10078
Køyreskildring
Print ut