English

Gyrinakken

Sande

Kort om turen

Gyrinakken ligg på kommunegrensa mellom Sande og Herøy. Dette er ein enkel tur der du får god utsikt i alle retningar. Gurskøy IL har trimpost på toppen.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du på sørsida langs gocartbana ca 200m. Råsa startar i første svingen etter at du har passert verkstadbygget på Gocartbana. Råsa går då rett mot aust opp skaret på sørvestsida av toppen. Når du er komen opp skaret går råsa over myra og mot nord opp forbi mobilmasta som står på sørsida av toppen.

Tilkomst og parkering

Gocartbana på sørsida av høgste punktet på fv 61 på Leikongeidet. Parkeringsplass ved Gocartbana.
Fottur
Grønn
Lengde
0,89 km en vei
Stigning
157 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
364 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,14
Sti 0,75

Offentleg transport

frammr.no

Anna

Då du må gå på Gocartbana sitt område for å kome til der råsa startar, må du vise hensyn og passe deg dersom der er køyring på bana. Farta kan vere høg!

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 II, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut