Tur frå Grytalisetra til Grytavatnet som ligg omkransa av dei mest alpine fjella i Ørskog. Turen går på tydeleg sti som er noko steinete. Grytavatnet er djupt og ligg i nordvendt terreng slik at isen kan ligge til ut i mai. Det er bra med fisk i vatnet (hugs fiskekort). Flott utsikt mot Lauparen, Storbotnhornet og Skorkjene.
Bilvegen går heilt fram til setra frå kommunevegen over Vaksvikfjellet. Det er bomveg med avgift frå vegen og fram til Grytalisetra.Turen startar ved det øvste selet på setra. Her finn du tydeleg sti. I starten er det nokså vått, men det er lagt ut fleire klopper her. Det er slak stigning i litt moreneprega landskap. Etter ca 20 min passerer du elva frå Heivatna. Etter denne kryssinga er det litt oppoverbakke før stien går flatt langs elva/grova. Hovudstien held fram langs med elva eit stykke før den bøyer litt til høgre og går over steinete myrar og nokre stigningar. Etter kvart ser du Grytavatnet. Stien deler seg ved eit skilt, ca 150 m før ein kjem ned til vatnet. Eine delen held fram mot Lauparen, den andre går ned til vatnet og bort til ein stor stein, Monssteinen. Her ligg turbok og turkode.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 5,4 |