Lett skitur i slakt og fint skogsterreng. Her er du så langt frå bilar og gatelys, at du enten må gå i måneskin, - eller ha med deg hovudlykt. I dei flotte skispora som eldsjeler frå IL Lauparen held ved like, kan du enten lange ut for å trene kondisjon og teknikk, - eller ta det meir med ro og nyte naturen. Grytalisetra med gamle sel og nyare hytter.
Skisporet går først lang vegen over Vaksvikfjellet. Etter ca 1 km kjem du til eit vegkryss der også skiløypa deler seg. Her skal du halde til høgre. Du er no over på setrevegen mot Grytalisetra. Løypa går slakt nedover før den kryssar Fremsteelva på ei brei og ny bru. Så er det slakke motbakkar til du kjem til Grytalisetra. Er det måneskin, kan du sjå Skorkjene og etterkvart også Grytavasstinden i sør og aust.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 5 |