English

Grøthornet

Sula

Kort om turen

Praktfullt utsyn mot Ålesund, Nordøyane og utover havet. Sjå spora etter turbinrøyra (røyrgata), og demninga som ein gong supplerte Devold med straum. Om du går turen ein søndag eller ein annan raud dag, så kan du raste på Vonhytta og kjøpe varm drikke i kiosken. Grøthornet, 650 m.o.h.

Ruteskildring

Godt tråkka rås som følger røyrgata til den gamle kraftstasjonen på Devold. Råsa er bratt og steinete, men er grei å gå. Råsa passerer knutepunktet på Gamlestølen der Vonløypa kryssar råsa, her går turen vidare rett oppover. Du kan også følgje Vonløypa som er ein turveg, opp til Vonhytta. Etter kvart så kjem du opp til «demma» ved Molværsvatnet, demninga står enda som eit symbol på den store påverknaden industrien og spesielt Devold har hatt på Sula si historie.Eit lite stykke over demninga passerer du Vonhytta, som er eit flott rastepunkt på turen. Stien som går mot venstre oppover fører til Vardane, du må derfor gå bak hytta og følge stien som går videre utover fjellet til Grøthornet.

Tilkomst og parkering

Vasskummen (lokalt namn) i Langevåg. Du kjem til Vasskummen ved å følgje Molværsbrauta heilt til endes. Kryss elva ved Vasskummen og følg råsa «Breivegen» rett oppover fjellet. Gode parkeringshøve ved Vasskummen.

Fottur
Blå
Lengde
3 km en vei
Stigning
571 m
Tidsbruk
2 t. 55 min.
Sesong
Høst
Høyeste punkt
651 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3
Køyreskildring
Print ut