English

Grøthornet frå Fransvegen

Volda

Kort om turen

Ein flott tur frå bustadfeltet i Bratteberg gjennom skogen til Grøthornet, som ligg mellom Sandhornet (toppstasjon for Volda Skisenter AS) og Melshornet

Rutebeskrivelse

Denne turen startar i enden av Fransvegen og går oppover Dalenmarka. Her kryssar du spor til Driveklepp og Volda Skisenter og går rett nordover oppgjennom skogen. Sporet passerer skogsvegen og fortset gjennom hogstfeltet til skoggrensa. Herifrå lett nordaustover i søkket mellom Sandhornet og Sledalen til Grøthornet. Retur same veg, eller Sledalen mot Olsenhytta og inn på sporet att.

Adkomst og parkering

Enden av Fransvegen i Brattebergfeltet Enden av Fransvegen. Vanlegvis greit å parkere, men ta omsyn til at dette også er snuplass
Skitur
Blå
Lengde
5,3 km tur/retur
Stigning
550 m
Tidsbruk
2 t. 0 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Ringruta frå sentrum til Nylenda, derifrå ca. 400 m til startpunktet

Kart

Sunnmørsalpane
Kjørebeskrivelse
Print ut