English

Grøthornet

Sande

Kort om turen

Grøthornet er ein liten topp, men med god utsikt utover mot havet og øyane i Sande. Du har også utsikt mot Vanylvsfjella, Veten og Morkavatnet. Larsnes IL har trimpost på toppen.

Rutebeskrivelse

Grøthornet har tilkomst frå Drageskaret og frå Larsnes. Frå Drageskaret; Start på toppen av Drageskaret, råsa går over myrane søraustover mot Svartevatnet, den deler seg når den byrjar å gå oppover, då tek du til høgre skilta mot Grøthornet, råsa går då mot sør og kryssar elva, går så opp på fjellryggen og fylgjer den til toppen. Frå Larsnes; Start midt i Råkja byggefelt, råsa er skilta mot Grøthornet, gå 60m opp ein smal veg som går mot Kvalen, når du kjem opp vegen og den kryssar elva tek du til venstre opp gjennom skogen, råsa går då på utsida av gjerdet mellom utmark og innmark. På siste innmarksstykket går råsa over innmarka og opp ein traktorveg som går gjennom skogen. Deretter går råsa over myrane og opp til ein annan skog, råsa går då i skogkanten nesten til skogen sluttar, då svingar råsa inn i skogen og går rett mot vest opp til toppen. Det er godt skilta i alle vegkryss på denne turen. Dersom du vil gå turen som overgangstur er det mogleg å gå gamlevegen mellom Larsnes og Drageskaret som retur. Gps fila og lengdene som er oppgitt er som overgangstur.

Adkomst og parkering

Frå Drageskaret; Fv 61 på toppen av Drageskaret mellom Larsnes og Gursken. Frå Larsnes; Ta av frå fv 61 i vegkryss på nordsida av Larsnes sentrum skilta mot sjukeheim og Kyrkje. Køyr 650 m og ta til venstre før prestegarden, køyr ca 250m opp i Råkja byggefelt , her startar turen. Frå Drageskaret, parkeringsplass på toppen. Frå Larsnes, ved vegen i Råkja byggefelt.
Fottur
Grønn
Lengde
3,5 km en vei
Stigning
220 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 3,3

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut