English

Goksøyra

Molde

Kort om turen

Eresfjord. Goksøyra er sjølve monumentet i Eresfjord, der den frå den flate bygda rager rett opp til 1315 moh. Først bratt og god sti opp skogslia til Ufssalen.(546 moh) Deretter høgfjellsterreng etter godt opptrakka og varda sti. Frå toppen av Goksøyra har du ei fantastisk utsikt.

Ruteskildring

Turen følgjer godt opptrakka og merka sti. På den vesle knausen du passerer 781 moh, kan du velgje å ta rett opp den litt brattare fjellknausen istaden for stien vidare. Det enklaste og lettaste er likevel å følgje stien. Rund svagt oppover mot høgre. Hald til høgre for den store botnen (Kvilhaugbotnen ) og vidare opp til ein flat ryggformasjon. Her følgjer du opp langs venstresida av bekken. Noen steinvarder viser vegen. Oppe i neste botn ligg det ein snøskavl. Denne kan du krysse rett over eller følgje steinryggen på venstre side. Når du har passert snøfeltet er du snart oppe. Det første du ser er den stygge masta til Telenor. Toppvaraden på Goksøyra ligg rett til høgre for denne. Utsikta kan ta pusten frå deg ! Men gle deg likevel.

Tilkomst og parkering

Frå fylkesvegen på austsida i Eresfjord tar du av kommunevegen mot Grandsetra. Følg denne ein liten kilometer oppover til ein tømmerlunneplass på venstre side av vegen. Parker her. Derifrå går det også ein skogsveg opp til høgre. Det er her du starter. Følg denne som etter kvart går over til sti. Du kan også parkere noen hundre meter lenger opp, ved vassverkinntaket under Bjørbakken.
Fottur
Svart
Stigning
1172 m
Tidsbruk
6 t. 20 mi
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Val for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 8

Offentleg transport

Nei.

Anna

NB! Ikkje fell for fristelsen å kaste stein utfor fra toppen av Goksøyra. Det kan vere folk som klatrar i veggen under deg.

Kart

M711 1320 II Eresfjord
Køyreskildring
Print ut