English

Gjura/Gjugra

Volda

Kort om turen

Gjura/Gjugra var grensefjell mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal, var også grensefjell mellom Møre og Romsdal fylke og Sogn og Fjordane fylke, etter kommunereguleringa ligg toppen kun i Volda og Møre og Romsdal. Flott utsikt mot toppane rundt Hjørundfjorden, Austefjorden og Hornindalen. Dette er ein fin rundtur der heile turen går i tidlegare Hornindal kommune, turen går først på Høgenibba, så bort på Gjura/Gjugra og ned Guridalen. Rundturen med startpunkt på Hornindal skisenter er med rette løypevalget mogleg å gjennomføre med ei stigning under 30 grader både opp mot Høgenibba og ned Guridalen. GPS fila går over eit ca 50m langt område opp mot Høgenibba på ca 30 grader. Rundturen er på 13 km og 1000 hm frå nedre heisstasjon. Dersom du bruker heisa vert rundturen 11,5 km og 650 hm.

Ruteskildring

Start på Hornindal skisenter, ekte sunnmøringar går opp ved sida av heistraseen, andre tek heisa opp. (1,5 km og 350 hm å spare) Ved øvre heisstasjon går du på venstre sida av ein haug som ligg bak heisstasjonen, kryssar så over Dammane og siktar deg inn på sørsida av Høgenibba, det kan vere ein fordel å gå opp litt meir på sør enn det GPS fila viser, men sjå etter andre spor, det er ofte ein fordel å følge spor som er der frå før. Når du er komen opp på Høgenibba går du ryggen nordover til Gjura/Gjugra. (2,5 km mellom Høgenibba og Gjura/Gjugra) Frå Gjura/Gjugra går du tilbake mot Høgenibba, på lavaste punktet mellom Gjura/Gjugra og Høgenibba tek du til venstre ned Guridalen. (OBS. Når du kjem ned der Guridalen flatar ut, ca kote 660, er der ei betongdemning som kan vere litt vanskeleg å få auge på.) Følg Guridalen vidare nedover, når du kjem ned på sætrane er der vanlegvis preparert løype inn til skisenteret ca 1,5 km.

Tilkomst og parkering

Køyr E39 frå Volda mot Stryn, når du er komen gjennom Kvivstunnelen tek du av til venstre på fv 60 mot Stranda og køyrer ca 1,4 km og tek av til venstre og deretter til høgre etter 20 m skilta mot skisenter og køyrer 3 km. Stor parkeringsplass ved skisenteret. Parkeringsavgift. (50 kr 2017) http://www.hornindalski.no
Skitur
Rød Fjell
Lengde
13,02 km rundtur
Stigning
970 m
Tidsbruk
4 t. 10 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
1296 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 3

Kart

M 711 1219 III
Køyreskildring
Print ut