English

Gjersnakken rundt

Ålesund

Kort om turen

Dette er ein tur over jorder, langs skogsvegar og på sti. Så lenge du går bak Gjersnakken er du heilt utanfor trafikkstøyen og det er idyllisk og roleg. Nyt stillheita og kjenn på luktene i skogen. Fint å plukke bær. Du kan ta ein avstikkar opp på Gjersnakken for å få betre utsikt.

Rutebeskrivelse

Start ved Valgermoskiftet. Følg vegen opp og rett forbi boligfeltet i Pina. Ta av til høgre på traktorvegen. Gå over markane langs same ruta som Den gamle postvegen. Gå gjennom grinda og held fram på vegen forbi eit gamalt fjøs på venstre side. No har du fin utsikt mot Giskemonibba i nordaust. Her tek du av til venstre og skogsvegen går oppover mot Gjersnakken. Du går heile turen gjennom lauvskog, furu og granskog. Held til høgre når vegen nærmare seg toppen av bakken. No flatar vegen ut, det blir opnare og etter kvart går vegen flatt ved sidan av ei myr. No har du Verahornet på høgre side. Stien blir smalare og det er tildels tett skog med ein del nedfallstre, men det enkelt å kome forbi og råsa er tydeleg. Ein stad kan det sjå ut som stien deler seg, men velg råsa som begynner å gå nedover. Dette området mellom Verahornet og Gjersnakken kalles Breiskaret. Du går gjennom ganske tett skog før landskapet snart opnar seg og du får god utsikt over markane og boligområdet på Bårdsgjerdet. Frå Bårdsgjerdet har du også flott utsikt til Sykkylvsfjella og utover Storfjorden. Gå asfaltvegen frå Bårdsgjerdet tilbake til utgangspunket.

Adkomst og parkering

Start ved Valgermokrysset. Parkering rett ved krysset på Valgermo, ca 50 meter i retning boligfeltet i Pina.
Fottur
Grønn
Lengde
3,7 km rundtur
Stigning
140 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,7
Sti 0,3

Offentlig transport

Ja, kvar time i retning både frå Molde og Ålesund med Timeekspressen. Haldeplass ved Valgermokrysset.

Kart

Ørskogfjellet
Kjørebeskrivelse
Print ut