English

Geitanibba

Ålesund

Kort om turen

Fin tur til markert fjell som er lett å nå frå fleire retningar. Vanlegvis greitt å gå utan ski frå slutten av mai.Utsikta er heile tida flott, både mot Høgsvora, mot fjorden og havet i vest. Mot sørvest ser ein fjella langs Hjørundfjorden. Frå toppen ser ein også fint utover Ørskogfjellet, Skorgedalsfjella og Måslia.

Ruteskildring

Start ved parkeringa på Solliedsetra ved VIPP-hytta der. Grei rås som i starten føljer same sti som til Høgsvora. Fyl råsa til terrenget flatar ut ved innløpet til Kvanndalen og råsa byrjar gå langs elva. Det er då lurt å forlate råsa og skrå til venstre og litt innover i dalen for å finne ny rås som fører i retning av Geitanibba. Råsa er delvis merka med raud måling på steinane. Sætrefjellet ligg no på venstre side. Råsa deler seg på nytt og ein bør velge øvre (venstre) trase og sikte mot det lavaste punktet i dalsida, dvs eit lite skar mellom Sætrefjellet og stigninga mot Geitanibba. Det løner seg å bruke litt tid på å finne råsa som går opp her. Det er ganske bratt eit lite stykke, men likevel greitt å gå. På toppen av denne stigninga opnar terrenget seg, ein ser mot Snaufjellet og sørvestover eit lett kupert terreng mot Vestrefjellet. Snur ein seg, har ein flott utsyn mot Høgsvora. Det ligg ei lita tjønn her, noko som gjer det ekstra fint å stanse. Skaret blir kalla Kleggskaret. Frå Kleggskaret går ein til høgre mot den tydelege toppen. Råsa er ikkje så tydeleg her, men kan fylgjast i periodar mot toppen. Den er lettast å finne om ein held seg litt til venstre, i retning Skarbøbotnen. Det står ein beskjeden varde på toppen, ver obs på at denne står nær kanten mot Kvanndalen, der det er stupbratt.

Tilkomst og parkering

Solliedsetra på Vaksvikfjellet. Ved VIPP-hytta på Solliedsetra.
Fottur
Blå
Stigning
436 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
830 moh
Merking
Både skiltet og merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,6

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps og kontant
Køyreskildring
Print ut