Turen til Gausnesgarden følgjer den gamle gardsvegen i sørvendt blandingsskog. Som regel er her snøfritt seinast frå midten av april. Målet for turen er Gausnesgarden som vart fråflytta i 1958. Postkasse med bok for registrering heng lett synleg på uthusveggen.
Frå hovudvegen går det ein ganske bratt gardsveg i slynger oppover lia. Standarden er bra, kan køyrast med grove køyretøy, men den er stengt med kjetting i starten. Eit par gongar går det av avstikkarar, men hald til venstre så unngår du omvegar. Utsikta vert hindra av frodig vegetasjon, men enkelte stadar opnar det seg og då ser ein dels søraustover mot Vaksvik og Dyrkorn, dels rett over fjorden mot Ramstad og dels vestover Storfjorden. Siste hundre metera er vegen slakare, med delar av ein fin gamal mur på oppsida.