English

Gaupåsen

Molde

Kort om turen

Ein forholdsvis kort tur som går opp til ca 390 moh. Utsikt både nordover Eikesdalsvatnet og sørover bygda mot Utigard, Oppigard og Litjvatnet. Deler av stien går i urskog og mellom store steinblokker som hus. Rikt fugleliv.Noen bratte partier, ein plass er det lagt ut tau for å halde seg i.

Ruteskildring

Stien startar og tar av frå bomvegen til Mardalsfossen, rett forbi Kuhammaren. Frå bommen er det omlag 600 m langs vegen mot Mardalen, der startar stien. Gaupåsen er ei forlenging av stien som før berre var merka til Stortolla i Hamran.Blåmerka påler samt filler knytt i trea viser stien. Starter i slakt terreng svakt sørover. Etter passering av ein bratt hammar stiger stien litt brattare oppover. Her passerer du blant anna ein stor hellar under ein kjempestor stein som lokalt er kalla Geitsteinen. Viadare bratt opp der det er lagt ut tau for å halde seg i. Etter kvart dreier stien litt flatare nordover med eit kort blautt parti rett under eit sva. Etter eit kort stykkje dreier stien bratt opp og snor seg i eit litt åpnare skogsterreng med bjørk, osp og furu. Og noen veldig store og fasinerande steinblokker. Siste del av stien følgjer flatare terreng sørover, blant anna forbi ei gjørmegrop som hjorten bruker. Plutseleg er du ved turkassa og får utsikt oppover Eikesdalen. Frå gamalt er stien ein sauesti for tidleg sommarbeite før dei vart jaga høgare til fjells, opp mot Sandgrovbotnen. Stien heiter Geitsteinstien. På ein del kart er faktisk stien stipla inn og viser at den krysser Gjølbekken, følgjer lia sørover heilt bort til turiststien opp Rabben til Sandgrovbotnen.Frå turkassa på Gaupåsen er det også muleg å følgje brattare terreng meir eller mindre rett opp åsen til toppen av Geitsida og Mardalstjønna.

Tilkomst og parkering

For å kome til Eikedal følgjer du RV 660 til Eresfjord og deretter FV 191 gjennom bygda og vidare langs Eikesdalsvatnet og inn til Eikesdal. Vertshuset Eikesdal kan by på både mat og drikke når det er åpent. Du kan parkere i Eikesdal ved forsamlingshuset, ved bommen til Mardalsvegen (Mardalsfossen) for deretter å følgje bomvegen til fots 600 meter der sjølve stien tar av. Eller du kan betale bomavgift ( 30,-) og parkere etter 600 meter. Er plass til noen bilar.
Fottur
Rød
Lengde
1,4 km en vei
Stigning
369 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Høyeste punkt
376 moh

Løype på kart

Kart

Norge-serien 10078 Sunndalsøra
Køyreskildring
Print ut