English

Garnestua frå Haddal

Ulstein

Kort om turen

Garnestua er eit populært turmål. Ein kan nå denne toppen frå ulike utgangspunkt. Denne ruta har start frå byggefeltet på Haddal. Ein går i sørvendt terreng; først i variert lauvskog og når ein kjem ut av skogen har ein flott utsikt! Fin, tørr sti heile vegen, og fleire utsiktspunkt undervegs.

Rutebeskrivelse

Frå parkeringsplassen ved stadion går du vestover på Riset og Spelhaugen. Stien startar mellom Spelhaugen 9 og 11. Du ser ein markør der stien startar. Stien går på oppsida av husa, så svingar den opp gjennom skogen. Det er nokre bratte parti opp gjennom skogen, men stien er god og lett å gå på og den er delvis merka. Når du kjem ut av skogen går stien etterkvart på ein rygg. Her har du super utsikt. Du passerer Ringstadhornet på veg mot Garnestua og det flatar ut når du nærmar deg Garnestua.

Adkomst og parkering

På FV653 tek du av til Haddal (avkøyringa lengst vest). Køyr opp Haddalvegen, ta av på Elvabakken like før ei bru, følg skilting til stadion og parker her. Parker ved stadion. Ev kan du parkere nærmare der stien startar, men pass på at du ikkje står i vegen
Fottur
Blå
Lengde
6,2 km tur/retur
Stigning
605 m
Tidsbruk
3 t. 5 min.
Sesong
Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Sti 5,7

Offentlig transport

Buss mellom Volda/Ørsta og Ulstein/Hareid frammr.no
Kjørebeskrivelse
Print ut