Turen går på tørr og god sti, ingen særlig bratte parti og fin utsikt i mange retningar. Frå toppen ser ein både ut mot havet og innover fjordane og mot Sunnmørsalpane. Egnar seg godt som familietur for større born. Turen vitjar 2 toppar: Garnestua (654 moh) og Flåna (612 moh) (eller Grøthornet, som mange kallar denne toppen)
Start ved Løset øvst i Ringstaddalen som går oppover frå Haddal. Der stien startar er det godt merka med skilt til Garnestua og Flåna. Stien er tydeleg heilt til topps. Han går på ryggen og er tørr og fin. Om ein har born med på turen så bør ein vere litt obs på nokre bratte skrentar mot ned mot Fjellsvatnet. Du kjem til eit vegskilje like før toppen der det er merka mot Garnestua eine vegen og Flåna andre vegen. Viss du vil gå på begge toppane, må du først velje den eine og så gå bort til den andre etterpå. Returen tek du same veg som du kom opp. Om du vil, kan du gå ned att via Hasundhornet. Då blir det ein litt lenger tur enn den som er omtala her.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 5,9 |