English

Gapahuken i Gursken

Sande

Kort om turen

Gapahuken i Gursken ligg i skogen ovapå Gursken Oppvekstsenter, den var bygd på dugnad av foreldra til barneskuleelevane. Der er tillaga med klatretau i trea og klatretau på berget, der er også tillaga med grue for grilling. Dette er ein fin tur for born, då det er morosamt å leike og gå på oppdagelsesferd i skogen rundt gapahuken.

Ruteskildring

På austsida av Gursken Oppvekstsenter går der ein privatveg som endar ovapå ei løde, råsa startar bak løda og går over dyrkamark før den går oppover i skogen. Ca 100 m før gapahuken går råsa over eit berg, her kan det vere litt vanskeleg for dei minste, men med ei hand å halde i går det bra.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 61 i Gursken, ca 200 m austapå krysset ved Gursken Matsenter og parker ved Gursken Oppvekstsenter. God parkeringsplass ved Gursken Oppvekstsenter.
Fottur
Grønn
Lengde
0,58 km en vei
Stigning
97 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
103 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut