English

Gamlevegen frå Alstad til Grønning

Fjord

Kort om turen

Ein enkel og fin tur på lett kupert grusveg mellom Alstad og Grønning. Passar for alle aldersgrupper. Turen går langs elva Valldøla og undervegs er det mange fine stoppunkt og fotopunkt med utsyn til elva som kastar seg nedover med fossebrøl og til fjella ikring. 

Ruteskildring

Turen startar ved p-plassen på Gudbrandsjuvet ved Alstad. Gå 70 meter langs fylkesvegen, ta til venstre, skilta mot Juvet Landskapshotell. Etter 50 meter på grusveg vil du sjå eit Stikk UT! -skilt og skilt til Olavsvegen. Gå skogssti opp til høgre, ca 30 meter. Ta til høgre igjen og gå vidare langs grusvegen mot Grønning (skilta). No er du på turvegen frå fjord til fjell som er opprusta ved hjelp av spelemidlar på strekninga Rem - Grønning.

Etter 600 meter kryssar turvegen fylkesvegen og går vidare langs elva Valldøla. Etterkvart kjem du Løygjerdet med enkle rastebenkar ved elva. Etter Løygjerdet blir vegen smalare og litt meir kupert. Flott utsyn ned i elva der vatnet kastar seg nedover, ekstra kraftig i vårløysinga. Vilt og vått! Grusvegen endar på fylkesvegen litt før Grønningsgardane.

 

For dei med hjul
Turen følgjer lett kupert turveg på grus og er også fin for dei med hjul. Men det er to punkt som kan vere litt utfordrande; heilt i starten av turen (30 meter i terreng), og der turvegen kryssar fylkesvegen (5 meter i skråning). Det er muleg å unngå desse punkta ved å følgje grusvegar like ved, eller ved å følgje fylkesvegen det første stykket. Sjå kart.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Gudbrandsjuvet. Inga avgift. NB! I sommarsesongen er det mange turistar som stoppar her, så det kan vere utfordrande med parkering, særleg midt på dagen.

Fottur
Grønn
Lengde
1,42 km en vei
Stigning
61 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
298 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,42

Offentleg transport

https://www.frammr.no/ Sommarrute Valldal - Åndalsnes. Skulebuss resten av året.

Anna

Gudbrandsjuvet
Start ved Gudbrandsjuvet, eit stoppunkt langs Nasjonal Turistveg Trollstigen - Geiranger. Naturattraksjon med bruer og utkikkspunkt. Elvejuv med jettegryter og fossar. Open kafe i sommarsesongen.

Rundtur på Olavsvegen og pilegrimsleia
Viss du vil ha ein rundtur kan du krysse hovudvegen når du kjem til endes på gamlevegen, og følgje skogstien - Olavsvegen - tilbake til utgangspunktet på Alstad. Skilta.

Olavsvegen gjennom Skjersura er oppkalla etter Heilag-Olav som rydda veg gjennom ura når han drog gjennom dalen rundt årsskiftet 1028/1029. No er det merka pilegrimslei her, i spora til Heilag-Olav, frå hamna i Valldal og oppover dalen, gjennom Skjersura og vidare til Grønningsæter og over høgfjellet mot Rauma. Vidare er leia merka over Lesja til Dovrefjell og heilt til Nidaros. 

Kart

Turkart for Norddal kommune, 1:50 000

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut