English

Gamle Lisetsetra

Ålesund

Kort om turen

Lett tur langs sætreveg og på rås det siste stykket. I periodar nokre våte parti langs råsa. Setra ligg akkurat på skoggrensa og har flott utsikt vestover. Gamle Lisetsætra ligg høgt og fritt til med fin utsikt til bygda og Storfjorden. Fin kveldstur eller utgangspunkt for å gå vidare til Snaufjellet.

Rutebeskrivelse

Følg sætrevegen som går opp frå Giskemosaga til den nye Lisetsætra. Hald til høgre i alle vegdele. I skiftet til Amdamsætra er det skilta. Ved husa på Lisetsætra går du opp ei skråning til venstre og inn på råsa. I periodar kan det vere våte parti og litt vanskeleg å krysse Øyagrova tørrskodd når det er stor vassføring.

Adkomst og parkering

Ta av frå fylkesveg 103 Giskemo på sørsida av brua over Ørskogelva. Veg til Giskemosaga og lunneplass. Skilta mot Lisetsætra m. fl. Parkering ved Giskemosaga.
Fottur
Blå
Lengde
5 km tur/retur
Stigning
320 m
Tidsbruk
2 t. 5 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 1

Annet

Turkasse er i muren på det første huset du kjem til. Dette er eit sel med fjøs under. Snøfritt midt i mai.

Kart

Ørskogfjellet
Kjørebeskrivelse
Print ut