Turen går langs både vatn og i skog, og ein kan ta fleire avstikkarar og få ei fantastisk utsikt, sjøl på 180 moh. Ein kjem til mange sti kryss og kan gjerne gå ein rundtur om ein ønskjer det.
Turen starter ved Allheim, idrettsanlegget i Maueidvåg. Følg Vikevegen vidare ca 100 meter og ein kjem til merka tursti. Følg denne ca 1,3 km, langs Mausavatnet, og ta av like før trollet ved brua. Det er skilta mot Trollhaugen. Her kjem ein inn på ein godt merka sti. Følg skilting mot Trollhaugen, seinare mot Mausanakken.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 4,5 |