English

Frøystadtua

Herøy

Kort om turen

Frøystadtua ligg mellom Frøystad, Torvika og Røyra. Utsikt mot ytre og indre Herøy og mot Ulstein.

Ruteskildring

Turen startar ved gamlevegen i Koppen. Råsa byrjar mellom hovedvegen og avkjørsla til steinbrotet. Råsa går først opp gjennom skogen, når du kjem oppom skogen går råsa over myrar og bortetter berga til toppen. Der er utlagt bruer over dei våtaste myrområda.

Tilkomst og parkering

Når du kjem frå sør på fv 654 køyrer du ca 1 km forbi Herøybrua og tek til høgre ved ein fotgjengarovergang og parkerer på gamlevegen før steinbrotet. Når du kjem frå nord på fv 654 køyrer du ca 900m forbi Frøystadkrysset og tek til venstre ved fotgjengarovergangen og parkerer ved gamlevegen før steinbrotet. Ved gamlevegen i Koppen. Her kan vere lastebiltrafikk til steinbrotet så husk å parker slik at her er passering for lastebilar.
Fottur
Grønn
Lengde
0,95 km en vei
Stigning
122 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
133 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,9

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I og IV, sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut