English

Fremste Skorkja

Ålesund

Kort om turen

Ein lang og svært variert tur delvis på rås, der du må krysse elvar, gå over myrar og moreneryggar, slite deg oppover skredmark og ur før du til slutt kjem opp på ei stor flate med blokkstein og kan rusle utover mot høgste toppen. Her kan du glede deg over storslått utsikt mot alle dei andre toppane i Ørskog. Snøfritt frå slutten av juli.

Ruteskildring

Turen følgjer i starten same råsa som turane mot Grytavatnet og Lauparen. Når du har kryssa den første elva du møter, skal du orientere seg i retning mot sør, mot Litlebotnen. Du kan gjerne krysse både Grytagrova og elva frå Litlebotnen ganske kjapt. Her er det eit stykke dårleg med rås, men held du fram på vestsida av den siste elva du kryssa, finn du etterkvart ei rås mot søraust. Den bør du følgje til er du på høgde med ei hytte (avmerka på kartet på høgde 629). Då dreiar du først mot sør og så mot søraust igjen. Du vil då finne grei rås på austsida av elva heilt til Litlebotnsvatnet. Ved Litlebotnsvatnet er det greitt med ein pause, før du held fram på råsa på austsida av vatnet. Denne går eit stykke frå vatnet, og du bør ikkje starte oppstigninga før du har kome halvvegs inn i botnen og ser ei grøn skrede som er grei å følgje opp mot bandet mellom Fremste Skorkja og Sandegga. Råsa forsvinn etterkvart som du kjem opp i ura, men her er ikkje vanskeleg å gå. Når du når bandet får du ei fantastisk utsikt mot Storbotnshornet, Grytavasstinden, Svartvassegga, Lauparen og Sunnmørslauparlægda. Går du heilt fram på kanten ser du rett ned i Grytavatnet og vatna i Trollbotnen og Isbotnen. No er den tyngste delen av turen over og du kan rusle utover mot toppen medan du ser du nordvestover mot Vaksvika, Storfjorden og øyane utanfor Ålesund. Når du så set deg ved varden, ser du at i sør stengjer Sandegga noko av utsynet. Likevel er det nok å sjå på; her i det mest spektakulære området av Ørskog kommune. Fremste Skorkja er trass alt den høgste toppen i Ørskog som ikkje er grensefjell til nabokommunene! Er du av dei som likar klyveutfordringar, så kan du i staden for å gå inn langs vatnet og opp den vegen, - ta sikte på toppen med det same du kjem på høgde med vatnet. Sjå siste bilde.

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Køyr austover på fylkesvegen mot Tresfjord. Du køyrer forbi gardane i Vaksvika og Vaksvikfjellet Camping. Etter ca. 5,5 km. kjem du til eit vegkryss, der bomvegen til Grytalisætra tek av mot søraust. På Grytalisætra er det gode parkeringsområde. På Grytalisetra
Fottur
Rød
Lengde
12 km tur/retur
Stigning
878 m
Tidsbruk
5 t. 15 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1273 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 10
Ingen sti 2

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant
Køyreskildring
Print ut