På utsida av Dryna ligg Franshellaren som er utgraven av havet. Franskhellaren fikk navnet sitt etter at fire franske krigsfangar oppheldt seg der i 6 månader under krigen. Dei fekk mat av lokale folk, og bygde seg ei hytte inst i hellaren. Denne vart sett fyr på dagen etter frigjeringa. Dette er ein lett tursti for heile familien. Anbefalar bruk av sko som tåler noe vatn. Turen kan kombinerast med fiske på berga ved sjøen på utsida av Dryna.
Turen startar ved parkeringsplassen på ferjekaia på Dryna. Der går ein traktorveg som svingar seg oppover lia til du kjem på utsida av Dryna. Der fortset stien langs med attleger fram til du tek av opp mot hellaren. Stien er merka heile vegen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 0,1 |