English

Frå Sædalen til Hidsdalen

Sande

Kort om turen

Familievenlig tur for folk i alle aldre. Fin utsikt frå Fjellsenden og Trolltua. På Gjerdseidet finn ein restar etter torvhus, frå den tida det vart spadd torv i Gjerdsvika. Fin utsikt utover storhavet mot Svinøya når ein går nedover grusveien langs Hidselva mot hovudveien. Turen sluttar der grusveien Hidsdalen møter hovudveien på Hide.

Ruteskildring

Turen går frå Sædalen til Fjellsenden i lett motbakke i delvis sti, men godt merka. Frå Fjellsenden går turen nedover til Gjerdseidet. Også her er det delvis sti, men godt merka. Tydelig sti og delvis merka viser vei utover mot Trolltua sin varde, turen går så vidare nedover til Hidsdalen. Siste etappe går frå Hidsdalen på grusvei til hovudvegen på Hide. Gjerdsvika IL har post på: Fjellsenden, Gjerdseidet, Trolltua og Hidsdalen. På stien mellom Gjerdseidet og Trolltua er det kryss med veivalg mot merka sti til Hidsegga.

Tilkomst og parkering

Turen startar like ved ferista ved Sædalsvatnet, stien er merka med skilt mot Hidsdalen. Ved Sædalsvatnet i Gjerdsvika ( 30 kr. i bompengar ) Eventuelt parkering ved bommen, då er det ca. 15 min. å gå til Sædalsvatnet.
Fottur
Blå
Lengde
6 km en vei
Stigning
239 m
Tidsbruk
3 t. 40 min.
Høyeste punkt
379 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3
Køyreskildring
Print ut