English

Flyene

Fjord

Kort om turen

Dette er ein tur som passar for dei fleste. Det er ca 250 høgdemeter stigning fordelt på omlag 3 km, så nokon bratt tur er det ikkje. Råsa går forbi Kaldhusstølen, ein fin støl med fem bygningar. Frå Flyene er det storslått utsikt mot Onilsavatnet og Tafjorden.

Ruteskildring

Råsa går først i tett skog, litt stigning. Så et det flatare, myrdrag, knausar og fureskog. Deretter litt nedover, no kjem du til Kaldhusstølen (550 moh), ein fin støl med fem bygningar, ta gjerne ein liten avstikkar her. Stølen ligg litt skjult i kupert terreng, så ver merksam på stidele om du vil stikke bortom. Det står skilt på eit tre like etter passering under kraftlinja.

Like ved stølen, rett etter passering av ei lita elv, møter du råsa frå Kaldhussætra (kan også starte turen frå turistforeningshytta der). Råsa går no slakt opp og utover lia.Tett skog på mykje av turen, men det opnar seg etter kvart. Rett før du kjem til målet går råsa forbi ei lita tjønn, ein idyll i seg sjølv. Er det stille ver får du fine motiv av skog og fjell som speglar seg. Det er berre å tak fram fotoapparatet her, for no er det berre eit lite stykke før du får verkeleg bruk for det. Etter 1,5-2 time er du ved målet, her er det slutt på skog så det er fri sikt til alle kantar, ei fantastisk utsikt. Tak fram nista og nyt livet! Turkassa finn du på TK-hytta på knausen.

Frå Flyene har du fri sikt ned i Tafjordbyda og utover Tafjorden. Rett under deg ser du Onilsavatnet, og såret i fjellsida på Breinausa er ikkje til å unngå å sjå. Her gjekk det eit stort ras ned i Jimdalen i 1994. Bak deg ruvar Storfjellet som deler dalføret i to. Rødalen og Reindalen i aust og Kaldhusdalen mot sørvest. Flyene ligg ikkje meir enn knappe 800 moh. - men du får ei utruleg utsikt!

Råsa går videre ned i Øyna, så om du ikkje vil gå samme vegen tilbake er muligheita der. Då er det sjølvsagt greit å vere fleire slik at ein har bil på begge plassar. Råsa her er heilt grei, men ikkje så fin som der du kom.

Tilkomst og parkering

Du køyrer framover Tafjorden, hald fram mot Kaldhussætra der vegen deler seg. Litt etter at du er ferdig med stigninga opp frå Kaldhusdalen er der ei lita opning og ein vegstubbe inn til venstre. Her parkerar du og startar turen. Det er skilta til Kaldhusstølen. Litt lenger framme går kraftlinja heilt inn til vegen, ser du den er du på rett plass.
Fottur
Blå
Lengde
4 km en vei
Stigning
248 m
Tidsbruk
2 t. 20 mi

Løype på kart

Val for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 3,5

Offentleg transport

Nei

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000
Køyreskildring
Print ut