English

Flåttasetra

Surnadal

Kort om turen

Dette er ein kort tur som likevel kan oppfattast som litt tøff ettersom første del går etter ein av dei brattaste skogsvegane i bygda. Her kan ein verkeleg få opp dampen- om ein er interessert i det. Sidan turen er såpass kort, kan likevel også dei som er meir utrena gå han- viss dei brukar litt meir tid. Du passerer flotte utkikspunkt på turen, og målet er ei trivelege hytte- og setergrend. Det er trimbok på veggen til seterskjelet på sjølve Flåttasetra.Dersom du tykkjer turen er for kort og ønskjer å forlenge han, kan du gå opp på Lykkjefjellet (626 m.o.h.) som ligg rett opp for hytte- og setergrenda. Trass i at denne toppen ikkje er så høg, er den eit flott utkikspunkt med overraskande god utsikt. Flåttasetra

Ruteskildring

Ta av oppover Bøverdalen i krysset i Bæverfjord. Køyr oppover dalen til du kjem til Myrholten, ca 9 km. Myrholten ligg like inntil vegen på høgre side etter at du har køyrt opp ein lang og bratt bakke. Ved Myrholten svingar du til venstre inn på skogsvegen som går oppover lia. Parker på ein av parkeringsplassane 2-300 meter opp i vegen. Gå vidare oppover etter skogsvegen. Det er generelt bratt oppover, men etter ein skikkeleg bratt bakke eit stykke oppi lia svingar vegen mot høgre. I yttersvingen her står det nokre skilt, og her skal du ta av til venstre frå skogsvegen og følgje stien mot Flåttasetra. Frå du tek av inn på stien, er det relativt flatt innover mot seter- og hyttegrenda.

Tilkomst og parkering

Myrholten, Bøverdalen I skogsvegen ovanfor Myrholten
Fottur
Blå
Lengde
4 km tur/retur
Stigning
235 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentleg transport

Nei

Anna

Pass på så du held deg på føtene på tur ned igjen! Kombinasjonen av bratt skogsveg og steinar det er lett å «rulle» på, krev at ein er forsiktig.

Kart

Fjordruta
Køyreskildring
Print ut