Denne turen byr på veldig flotte natur- og kulturminneopplevingar, med eit rikt dyreliv og vakker kystnatur. Størsteparten av området er verna naturreservat, og ein finn fleire gravrøyser i området. Villsauer beiter her for å halde vegetasjonen nede. Turen går til fyrlykta ytst på Fjørtoftneset og er ein fin tur for heile familien.
Du startar ved ein gamal sommarfjøs som ligg ved starten av grusvegen. Derifrå følgjer du traktorvegen eit stykke, før den går over i ein tydeleg sti. Det er mogleg å sykle/køyre langs traktorvegen fram til den går over til sti. Du kan parkere fleire stader langs vegen. Når du kjem til steingarden som markerer starten på stien, går du også inn i det som er naturreservatet. Heile vegen er relativt flatt, og stien går stort sett over lyng og gras. Du møter også litt berg og stein, som er å forvente for ein sti langs fjøra. Det er lett å kome fram til turmålet for dei fleste.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 2 |