English

Fjøremoro i vakre Barstadvik

Ørsta

Kort om turen

Denne turen er ei naturoppleving av dei sjeldne! Det er ikkje alltid ein treng å traske så langt for å ha det moro ilag. Derfor har vi valgt denne enkle fjøreturen. Fjøra i Barstadvik er ei perle på kartet med flott badestrand som fungerer som "kongetribune" utover mot Breisundet der det til stadigheit tøffar digre flotte cruiseskip heile sommaren. Berre dette er grunn god nok til å ta turen!

Rutebeskrivelse

Den snedige spaserturen/søndagsturen går på grusveg før ein kjem til ei noko meir humpete fjøre!

Adkomst og parkering

Coop Barstadvik. Ved Coop Barstadvik
Fottur
Grønn
Lengde
0,4 km tur/retur
Stigning
3 m
Tidsbruk
10 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Det er busstopp i Barstadvik, så ein kan kome seg dit med kollektivtransport både frå Ørsta og omegn samt Ålesund og omegn. Moroturistar frå Ålesund og omegn må ta ferje frå Solavågen til Festøy (20 minutts ferjetur) ,og deretter vidare derifrå til Barstadvik. Bussane frå begge kantar stoppar like ved Coop-butikken.

Annet

Vidare kan arrangørane denne søndagen friste med VM (Vartdalsstrandmeisterskap) i hoppestein samt bålkos og krabbeløp. Ta med det du treng til å lage ditt eige "gourmetmåltid" over bålet. Hugs også å ta med dugnadsånda i form av ein vedkubbe i sekken,- så "sankar" vi kjapt bål. Om du ynskjer å trimme litt ekstra kan du ta med badekle og teste ut det fabelaktige badestranda. Stranda er ikkje så stor,- men den er fole kjekk! Legg derfor moroturen til vakre Barstadvik søndag 26. juni 2011 klokka 14.00 Oppmøte ved COOP Barstadvik Derifrå "marsjerer" vi i samla tropp til fjøremoro! Korpsmusikantane frå Vartdalsstranda (arrangørane) guider takfast til målet.
Kjørebeskrivelse
Print ut