English

Fetvatnet rundt

Sykkylven

Kort om turen

Det er mest vanleg er å starte frå Fet eller frå Straumgjerde. I underkant av halve løypa er på Fylkesveg 60. Det er ein del biltrafikk langs fylkesvegen, så har du med små barn kan det vere ein fordel å heller sykle tur/retur på grusvegen. Løypa har nesten ikkje stigning, men har nokre små parti med opp og ned overbakkar i starten på Straumsheim. Dersom du startar i Straumgjerde er det viktig at du syklar mot Slettegjerde (fotballbane) og tek av til venstre over ei lita bru og vidare mot venstre i neste kryss, men ikkje opp bakkane mot fotballbana. Dersom ikkje kan du lett kome inn på beiter for husdyr. Ynskjer du å sykle raskt er løpa unna gjort på 15 til 20 min. Rekorden frå sykkelløpet Fetvatnet runde er 14 min og 36 sek.(Velledalen idrettslag). Det er også mange som ynskjer å gå i staden for å sykle, men då helst langs grusvegen. På fylkesveg 60 frå Fetbru ned til Straumgjerde er det lett unna bakken på asfalt vegen.Langs grusvegen er der lagt til rette med fleire grillplassar og benkar. Fet ( gardstun) Start/slutt. Desimalgrader Breddegrad: 62.30999 Lengdegrad: 6.6119 Vårvon ( Straumgjerde ) Start/slutt Desimalgrader Breddegrad: 62.33225 Lengdegrad: 6.59065

Ruteskildring

Du syklar heile tida langs Fetvatnet og løpa går rundt vatnet.

Tilkomst og parkering

Du kan starte i gardstunet på Fet,ved Fetmøbel eller frå Straumgjerde ved ungdomshuset. Det er ein rundtur så du kan velje å starte der passar beste. Det er også enkelte som syklar frå Aure eller Ikornnes og tek med denne turen som ein del av løypa. Du kan parkere fleire plassar eks. Fet møbel, ned ved vatnet på Fet og i Straumgjerde ved ungdomshuset (Vårvon). Det er gratis å parkere, men ta omsyn til grunneiger.
Sykkeltur
Grønn Landevei
Stigning
27 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Høyeste punkt
27 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 4

Offentleg transport

Det er fult mogleg å kome seg til turmålet utan bil. Du kan ta buss til Straumgjerde ved butikken ( Bunnpris) eller gå av ved Fetbru. Det er Fjord1 som køyrer bussen på denne ruta, Ålesund-Sykkylven-Stranda-Hellesylt-Stryn rute 15-221 (250) sjå http://www.fjord1.no

Kart

Turkart for Sykkylven , Sunnmørsalpane og Sykkylven kartblad 1219

Lenke til turskildring

Sykkelløp Fetvatnet rundt.
Køyreskildring
Print ut