English

Hamarstøylvatnet - Feittbrennaren

Hareid

Kort om turen

Feittbrennaren er ein mykje nytta turveg i Hareid. Namnet kjem av at vegen er mykje nytta av dei som vil gå ned nokre kilo eller kome seg i form. Turen passar for alle og tek omtrent ein time tur/retur. Du går på grusveg eller traktorveg heile turen bortsett frå ei lita stripe på 20m med asfalt ved renseanlegget. Ein får trass beskjedne høgdemeter ei flott utsikt utover Snipsøyrvatnet, Grimstadvatnet, Storfjorden, Melshornet og Hareid sentrum.

Ruteskildring

Man startar ved bommen ved avkøyrsla frå Snipsøyrdalsvegen og går på grusveg opp til renseanlegget der man kjem til traktorvegen som so går opp til Hamarstøylvatnet. Turen har ein jamn fin stigning det meste av turen, men den siste tredjedelen opp mot vatnet går i flatt/småkupert terreng. Ved Hamarstøylvatnet er der fine steinar å sitte på for ei lita pause men der er ofte litt vind.

Tilkomst og parkering

Like ved Bigset bedehus, midt mellom Hareid og Ulstein tek ein av til Snipsøyrdalsvegen. Følg denne 3 km og parker i avkøyrsla ved bommen. Turen startar der. Enkelt å parkere ved bommen, evt langs Snipsøyrdalsvegen om der skulle være fullt.
Fottur
Grønn
Lengde
2,2 km en vei
Stigning
221 m
Tidsbruk
1 t
Høyeste punkt
255 moh

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut