English

Fangholsetra

Aukra

Kort om turen

Turen til Fangholsetra er ein fin tur. Fangholsetra er i privat eige, og nyttast i dag som hytte for familien. Tur til Fangholsetra har vore ein vanleg tur for bygdefolket. Skuleklassar har ofte hatt dagstur til setra, både til fots og på ski.Tidlegare var det to fjøs her, desse er det berre murane att av.

Ruteskildring

Parker ved gamleskulen i Julsundet (Fanghol). Gå ca. 300m. på gangvegen i retning Molde, gjennom vegskjeringa til Hola. Følg grusa sti frå informasjonstavla. Ta til høgre etter grinda og følg Fjellvegen vidare oppover. På toppen av den bratte bakken fortsett du rett fram forbi demninga og vidare etter setervegen oppover. Vel framme ved setra er det fint med kvilepause, kanskje kaffi og nistemat. Fangholsetra er i privat eige, og nyttast i dag som hytte for familien.

Tilkomst og parkering

I Hola ved informasjontavla, starten på Fjellvegen. Ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol) Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Blå
Lengde
1,7 km en vei
Stigning
226 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Høyeste punkt
262 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3

Offentleg transport

Aukra Auto - Atlantic Auto

Kart

Kartserie711 Kartblad 1220 I Hustad
Køyreskildring
Print ut