Frå Flemsetra følgjer vi fjellvegen oppover mot Flemsetervatnet. Etter bommen flatar det ut, og vi tek til venstre over brua før vi kjem til vatnet. Herifrå følgjer vi den øvre av vegane, som går opp mot dei to hyttene.
Ta av til venstre frå vegen ved skilting (like før du kjem fram til den første hytta). Følg merka sti opp og bortover høgda. Etter du har passert under ei kraftlinje, kjem du til Fagerliskaret. Turmålet ligg oppe på neste topp, ved eit tidlegare trigonometrisk punkt, 474 moh.
Turen ned kan du ta same veg, eller du kan gå tilbake til Fagerliskaret og følgje merka skogsveg ned til FV 291 ved Bytbekken, om lag 2,5 km nærare Fagerlia enn der du starta (
https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda-fraa-Bytbekken). Du kan også følgje høgda vidare og kome ned ved skisenteret på Fagerlia (
https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda).