English

Fagerlihøgda frå Bytbekken

Gjemnes

Kort om turen

Kort tur som raskt tek deg opp i høgda, og gir deg eit flott utsyn mot Reinsfjellet like ved, og Sunndals- og Romsdalsfjella innanfor. Turmålet ligg ved eit trigonometrisk punkt på den nordlege enden av Fagerlihøgda. Her er det postkasse med turbok.

Ruteskildring

Frå øversida av fylkesvegen tek det av ein skogsveg som vi følgjer oppover til han tek slutt i Fagerliskaret. Herifrå går vi vidare på merka sti opp til turmålet på høgda til venstre.  Turen ned kan du ta same veg, eller du kan gå tilbake til Fagerliskaret og følgje merka sti over høgda til Flemsetervatnet og FV291 på Flemsetra, om lag 2,5 km nærare Flemma enn der du starta (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda-om-Flemsetervatnet). Du kan også følgje høgda vidare og kome ned ved skisenteret på Fagerlia (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda).

Tilkomst og parkering

Turen startar ved Bytbekken ved FV291, om lag 1,5 km frå Fagerlia (FV665), eller om lag 6,5 km frå Flemma (FV666). Det er to parkeringsplassar, ein like ved der skogsvegen tek av, og ein på nedsida av vegen eit steinkast vestover.
Fottur
Blå
Lengde
1,7 km en vei
Stigning
1 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Høst
Høyeste punkt
460 moh
Merking
Merket

Løype på kart

Kart

Norge-serien, Kristiansund.
Køyreskildring
Print ut