Området langs Ørskogelva er ei naturperle. Elvastien er universelt tillaga og kan brukast for naturopplevingar og trim for alle. Turvegen har asfalt, ledekant for blinde og lite stigning. Langs vegen finn de Elvaløa, 2 gode rasteplassar, grillplass og kvilebenkar. Flotte trefigurar står langs vegen til glede for store og små.
Start ved Ørskog kyrkje og gå søraustover langs Ørskogelva. Følg vegen 650 meter langs elva. Turvegen ligg fint til langs Ørskogelva. Du kjem spesielt nær naturkreftene ved omsorgsboligane ved Smibakken ein styggversdag. Her står det ein flott portal i smijarn ved inngangen til Smibakken som lokale, frivillige smedar har laga. Elvaeigarlaget har sett opp ei fin grindløe - Elvaløa, ved den rasteplassen som ligg lengst mot aust. Her er det langbord, hellelagt golv, ved og grill som alle kan bruke. Ørskog Historielag har utarbeidd tekst og funne bilde til skiltet med informasjon frå gamle dagar. Skiltet står like ved Elvaløa. Elvaeigarlaget har også bygd ein stor fiskeplass med universell utforming og bord og benkar. Elvastien har fått 16 store og små figurar i tre og metall som den lokale kunstnaren Jørund Amdam har laga. Frivillige har restaurert dei og montert alle figurane ved Elvastien sommaren 2015. Her har Elva-Pe fått heidersplassen like ved elva og løa. Elvastiens venner held stien fin og ryddig. Dette er ei tur / retur løype der ledekanten gjer ein sving som avsluttar turvegen med universell utforming. Ein fin rundtur i sentrum: Start ved kyrkja, gå Elvastien, hald fram vidare på eksisterande gangveg på grov grus opp ein traktorveg med ganske bratt stigning, gå over Steinholtbrua, vidare gjennom bankparken, undergangen og tilbake til kyrkja.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 1,3 |