English

Elvaforbygninga i Stordal

Fjord

Kort om turen

Lett tur med lite stigning langs Storelva i Stordal. Passar heile året, men vert ikkje brøyta om vinteren. Ein kan gå på skogsvegen omlag så langt ein vil. Skogsvegen går til Storheim, berre avbrote av eit jorde på Holt. Ein kan gå omlag så langt ein vil framover Stordal.

Ruteskildring

Turen går på skogsveg frå Stordal småbåthamn/Stordal Camping, evt då med oppstart ved Kvammen bru om ein nyttar rullestol. Det kan vere noko humpete enkelte stadar, men likevel mulig å ta seg fram også med rullestol.

Ein kan følge vegen og elva, eller ein kan ta av på ein av dei mange stikkvegane og kome til vegen gjenom Stordal og gå denne tilbake til utgangspunktet. Det kan med andre ord leggast opp som ein rundtur dette.

Frå campingen går skogsvegen forbi Vinjesanden miljøstasjon. Ein gapahuk med benkar og bord er laga til for laksefiskarane. Med tre som ei boge over skogsvegen slyngar den seg framover. Ein passerar Kirkebø stadion. Etter 1,8 km kjem ein til Kvammebrua. Her er det ein benk til å kvile seg på. Turmålet for Stikk UT finn du ved å fortsette vidare framover skogsvegen langsmed elva. For ein lett tur kan ein snu her, eller gå vegen opp til Rosekyrkja. Elvaforbygninga fortset framover. På Øvrebust (etter 2,3 km) er det ei bru over ei kryssande elv. 100 meter etter denne ligg turmålet. Vil ein gå på gangfelt langs hovudvegen tilbake, må ein svinge av her. Litt lenger framme er det nok ein gapahuk. På Holt må ein krysse eit jorde, før vegen fortsett. På Storheim passerar ein eit sagbruk, og etter dette vert det litt vansklegare å følge skogsvegen, sidan den er delvis overgrodd.

Tilkomst og parkering

Start ved Stordal camping/Stordal småbåthamn, nede ved sjøen. Om ein skal til turmålet ved hjelp av rullestol, kan det vere ein fordel å parkere ved brua til Kvammen. 

Fottur
Grønn
Stigning
84 m
Tidsbruk
4 t. 0 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
56 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,5

Offentleg transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Kart

Turkart Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut