Turen til Eiksundsætra går i flott terreng, med utsikt mot fleire fjordar (Volda, Ørsta, Rovde Vartdal), og er fin å gå heile vegen. Du kan også gå til EIksundsætra frå andre startpunkt i Eiksund, til dømes frå Havåg eller frå Britahaugen. Sjå turomtale til Haddalshornet og Blåtinden for desse turane.
Turen startar ved Eiksund vassverk, litt forbi krysset på Ødegårdsvegen. Stien kan vere litt gjengrodd av gras i sommarsesongen, men er fin å gå. Stien går gjennom skog før ein kjem opp på snaufjellet og har fin utsikt utover fjordane og mot Sunnmørsalpane. Når ein kjem litt før Grøthornet deler stien seg, går du til høgre, kjem du til Eiksundsætra.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 3,4 |