English

Eidskremheia fra Eidskrem

Aukra

Kort om turen

Eidskremheia er det høgste fjellet i Aukra Kommune (493 m.o.h). Kommunegrensa til Molde går over Eidskremheia. Her er ei fantastisk flott utsikt, ta pauser på turen opp og nyt utsikta. Lomtjønna og Skartjønna ligg i same område og er fine kvileplassar. Turen kan starte i Hola og komme ned på Eidskrem, eller omvendt.

Rutebeskrivelse

Parker på parkeringsplass på austsida av fylkesvegen på Eidskrem. Stien startar då tvers over for avkjøyringa til utleigehyttene på Eidskrem (skilt v. bilvegen). Bratt tung sti opp til det flatar ut. Gå til høgre over elva, forbi ei hytte og følg merka sti fram til du møter stien som kjem frå Fangholsetra. Følg så stien oppover til toppen, ta så til høgre utover mot Eidskremhemheia. Du kan også gå frå Fanghol. Parker ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol), gå mot Molde ca. 300 m, her starter Fjellvegen ved info.tavla. Turen går opp same veg som til Fangholsetra, derfra til høgre opp P-Skaret vidare ned til høgre til Langmyra.  Gå på vestsida av Langmyra og vidare opp ryggen til Eidskremheia. Eit stykke frå Langmyra møter du stien som kjem frå Eidskrem. Oppe på Eidskremheia er det fint å gå vestover etter høgda.

Adkomst og parkering

Start på Eidskrem. Parkeringsplass både på Eidskrem og på Fanghol.
Fottur
Blå
Lengde
2,7 km en vei
Stigning
450 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Kan nytte buss som går til Aukra og Fræna. Sjå ruter.

Kart

Kartserie 711 Kartblad 1220 I Hustad eller turkart Molde. Nytt turkart; Julsundmarka.
Kjørebeskrivelse
Print ut