English

Eggjevatnet i Fjørå

Fjord

Kort om turen

Nydeleg rundtur med utsikt til fjord og fjell. Når første kneika opp til 900 moh er unnagjort, har du ein fin tur i lettgått terreng og med flott utsyn til fjord og fjell framføre deg.

Rutebeskrivelse

Frå parkeringsplassen på Hauge (400 moh.) følgjer du asfaltveg ca 350 meter vidare austover til du kjem til sætervegen som startar på venstre side, skilta til Nysætra. Følg setervegen (grusveg, privat veg) 2,3 km oppover til rasteplassen på Nysætra (ca 680 moh). Vidare går du på merka rås, skilta til Mefjellet og Eggjevatnet. Råsa går oppover knapt 200 høgdemeter, før du kjem til skilt ved stidele. Følg rås til venstre mot Eggjevatnet. Her flatar råsa ut og går vidare i jamt og lettgått terreng med Mefjellet (1100 moh.) ruvande til høgre. Det er om lag 2 km frå Nysetra til Eggjevatnet.

Ved vatnet er det idyllisk, tillaga med bord og benk i stein. Her er det muleg å ta seg eit bad. Du kan også skrive deg inn i Fjørå helselag si trimbok som er plassert her. Eggjevatnet ligg på Bjørstadnakken og høgste punkt er her 965 moh. Fin utsikt ned i Valldalen og mot fjord og fjell i Norddal.

Følg så Bjørstadnakken vidare vestover og etterkvart nedover, først slakt, så eit brattare parti, så slakt igjen og det flatar ut og du kjem til Ruggå (540 moh.). Der finn du den omtale Ruggesteinen, som ruggar når du står oppå han, og ei grindløe som er open for alle. Her finn du også helselaget si trimbok. Frå Ruggå følgjer du merka rås og traktorveg nedatt til parkeringsplassen på Hauge.

Adkomst og parkering

Frå Sylte, sentrum i Valldal, køyrer du først gjennom tunnellen mot Fjørå og Tafjord. Frå Fjørå kai følgjer du skilta veg mot Selboskar. Vegen slyngar seg oppover fjellsida og når du kjem til Selboskar deler vegen seg. Køyr til høgre (180 grader sving). Etter ca 250 meter kjem du til merka parkeringsplass på nedsida av vegen på Hauge (400 moh.).
Fottur
Blå
Stigning
550 m
Tidsbruk
5 t. 30
Sesong
Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Grus 2,8
Sti 5,1

Offentlig transport

Nei

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000
Kjørebeskrivelse
Print ut