English

Dyrdalstinden i Stordal

Fjord

Kort om turen

Eit favorittfjell for mange på Langsætrane. Fjellet ligg ved Dyrdalen, som den har fått namn etter. Litt bratt oppstigning, og eit luftig parti ved toppen. Flott utsikt over Langsætrane og fjella rundt.

Ruteskildring

Frå parkering ved Puskebrua, går ein over brua og oppover stølen Pusken. Rett etter at du har gått over Puskebrua er det også sett opp Stikk UT! - skilt i høve turen til Litlevatnet. Det er ein tur som har blå gradering og ein skal IKKJE fylje den skiltinga om ein skal til Dyrdalstinden. Etter omlag 100 meter oppover stølsvegen svingar denne til venstre og ein går langsmed ein steingard til ein kjem til brua over Dyrdalselva. Gå over brua, ta til høgre og følg råsa som går på venstre side av elva. Dette er same råsa som ein brukar til Dyrdalen. Det er greitt å følge råsa her, den er godt trakka. Når terrenget flatar litt ut (på «røra»), tek ein av mot Dyrdalstind, som ein ser på si venstre side. Ein kjem etter kvart over skoggrensa, og går langs ein kant oppover mot toppen. Etterkvart blir det meir stein å gå på. Turkassa er plassert eit lite stykke (ca. 20 meter) før varden. Mellom turkassa og varden er det eit luftig parti, der det kan opplevast bratt og utrygt for enkelte. Ikkje gå desse siste metrane om det føles utrygt. Pass også opp for brear og skavlar som kan henge utover forsommaren. 

Tilkomst og parkering

Ein køyrer mot Overøye og forbi alpinanlegget. Følg vegen rett fram og parker før brua som går til Pusken.

Fottur
Rød
Lengde
4 km en vei
Stigning
989 m
Tidsbruk
4 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1343 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ukjent

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Nei

Kart

Turkart Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut