English

Dynjafossen

Ålesund

Kort om turen

Dette er ein flat og lett tur som delvis følgjer den gamle Trondhjæmske postvegen mot Ørskogfjellet. Dynjafossen har fått namnet fordi du kan høyre “dynjinga” (fosseduren) av han når det er stor vassføring. Når det derimot er lita vassføring, går det an å gå bak fossen.Ein fin tur å ta på sykkel, særleg om du tek sykkelen bak på bilen til parkeringa på Stortrøna.

Ruteskildring

Start på Stortrøna. Herifrå er det skilta til Dynjafossen og Giskemonibba. Følg traktorvegen framover mot Kvanndalen til du finn ein nytt skilt. Her tek du av og følgjer ei ganske våt rås over myra ned mot elva. Du høyrer fosseduren når du nærmar deg.Postkassa med bok til å registrere seg i, finn du på ein bjørkelegg på elvebarden, like ved råsa. Her er oftast snøfritt frå byrjinga av mai.

Tilkomst og parkering

Køyr E 39 nordover frå Sjøholt sentrum i ca. 5,4 km. Du kjem då til Stortrøna, med parkering på søraustsida av vegen. Her finn du turskilt til Dynjafossen. Vegen er stengt med bom. Stortrøna
Fottur
Grønn
Stigning
80 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Høyeste punkt
275 moh

Løype på kart

Marker
0.00.20.40.60.81.01.21.41.61.82.02.22.42.6km220240260m
Underlag Lengde i km
Sti 0,4

Offentleg transport

Timeekspressen går forbi Stortrøna ved E39 kvar time.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut