English

Dollsteinhola rute 1

Sande

Kort om turen

Opplev Dollsteinhola! Ein treng godt fottøy fordi terrenget er ulendt og til tider vått. For dei som ikkje vil ned i hola, er dette ein fin fjøretur dei fleste klarer å gå. Det er merka løype heilt ut på Steinstangen. Der ute ser ein Stadhavet i sørvest, Svinøya i vest og ein kan skimte fugleøya Runde i nordvest.

Ruteskildring

Den merka stien starter på høgre side av grusvegen, omlag 100m etter skiltet på Skarshaugen. Stien følgjer stort sett fjøra, men går over nokre kliprer og fjellnaser. Stien er godt merka med merkepinner og skilt. Stadar og attraksjonar ein treff på: 0,36 km eit gjerde, husk å late att grinda. 0,65 km Kalvågane 0,97 km Storegjøtten og Lisjegjøtten 1,07 km Grytevika 1,19 km Flatmagevika og Sandgjøtten 1,40 km Breidvika, ned mot Breidvika er det litt bratt og her kan det vere glatt. 1,87 km turbok Sandsøy IL, her krysser rute 2 som går frå Hellandsvågane, nord for Dollsteinen.2,20 km Dollsteinhola, siste 150m er det ein bratt, men fullt farbar signing opp til holeopninga

Tilkomst og parkering

Turen starter på Skare. Frå Voksa ferjekai følger du fylkesvegen til Sandsøya. I det første krysset du møter er det skilta "Dollsteinhola" til venstre. Du køyrer så vidare forbi Sande Kyrkje og heilt opp på Skarshaugen. Før du kjem til parkeringsplassen er det skilta "Dollsteinhola" til høgre, ned ein grusveg. Stien til Dollsteinhola starter om lag 100 meter nedanfor skiltet. Skarshaugen
Fottur
Blå
Lengde
2,2 km en vei
Stigning
224 m
Tidsbruk
1 t. 40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
124 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,35
Køyreskildring
Print ut