English

Daurmålsfjellet

Fjord

Kort om turen

Turen til Daurmåsfjellet frå Rellingsetra vil by på eit variert terreng, der du innom to gamle setrar, med fleire intakte/godt vedlikehaldne sel. På heile turen vil du ha ei flott utsikt framover Dyrdalen, til dei majestetiske fjella rundt, og etterkvart mot bygda Norddal, og vidare utover Norddalsfjorden. Herifrå kan du også nå Torvløysa1851m.o.h.

Ruteskildring

Du startar turen ved parkeringsplassen framme ved Rellingsetra, 570moh. Fram hit er det privat bomveg, der du betaler for deg ved parkeringsplass ved Hatlestad, 3 km lenger nordvest. Du går først rett over stølen på Rellingsetra, og passerer her nokre sel, før du startar på råsa rett framover i Dyrdalen, Råsa går i lett kupert terreng, og er noko steinete. Den kan vere noko våt, sidan den passerer fleire mindre bekkar som renn ut av myra ovanfor. Lenger framme blir råsa tørrare, og om lag etter 1km, kryssar du til venstre over ei bru (Dyrdalselva) Du går så ca. 250meter i litt motbakke før du kjem opp til Innsetsetra, 600moh. På denne stølen passerer du eit sel, før du finn skiltet mot Daurmålsfjellet om lag midt på stølen. Råsa svingar til høgre ovanfor det øvste selet på stølen. Deretter føl du merka rås oppover i eit stadig brattare terreng. Råsa går her i skog, og kan til tider vere noko sleip og glatt. Terrenget opnar seg opp når råsa svingar meir mot nord att. Då går du i fin bjørkeskog heilt til du når om lag tregrensa, og du kjem opp på ei stor myr. Her er det skilta til venstre mot utsiktspunktet på Daurmålsfjellet 805moh, og du må passere nokre myrar før du kan sjå utover bygda Norddal. På utsiktspunktet, ein bergknaus, finn du turposten. Du returnerer same veg tilbake.

Tilkomst og parkering

Start frå parkeringsplassen ved Rellingsetra. Hit kan du køyre med personbil, bomavgift ved Hatlestad. Frå Eidsdal sentrum/ferjekai følgjer du først fylkesveg nordaustover mot Norddal, 5km. Du svingar oppover i bygda ved butikken og køyrer i om lag 2km før du svingar over ei bru ved Engeseth. Du held fram på asfaltert veg heile vegen opp til parkeringsplassen ved Hatlestad, ca 4km. Informasjonstavle med turkart over området her. Mogleg å gå til Rellingsetra herifrå, om du ikkje ønskjer å betale.
Fottur
Blå
Lengde
3 km en vei
Stigning
294 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
803 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Anna

Turen er godt skildra i turboka Opptur Geirangerfjorden. Startstaden Rellingsetra er utgangspunkt for fleire fine turar m.a. mot Middagshesten og Skorene i vest. Dyrdalen og Storvatnet i sør og Torvløysa i sør/sør-aust. I september blir motbakkeløpet 1851 opp//ned Norddal arrangert, som også har Daurmålsfjellet som eit mål. sjå link; http://norddalil.no/

Kart

Turkart Tafjord, 1:50.000, Turkart Norddal kommune, 1:50.000

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant betaling, samt truleg vipps
Køyreskildring
Print ut